Invitasjon til Fagforbundet Yrkesseksjon helse og sosial sin portørkonferanse 5. og 6. april 2022!
Sjå vedlagt program og invitasjon for meir informasjon. Vi tek atterhald om endringar i programmet.
Start: 5. april kl. 12.00
Slutt: 6. april kl. 14.00
Påmeldingsfrist: 15. februar, 2022
Avmeldingsfrist: 21. mars, 2022
Stad: Park Inn by Radisson Oslo Airport Hotel West, Museumsveien 26. N-2060 Gardemoen
Fagforbundet dekker kost, losji og konferansepakka. Fagforbundet sentralt dekker ikkje reise eller tapt arbeidsforteneste. Du kan søke di lokale fagforening om å dekke reise. Du kan søke arbeidsgjevar om permisjon med lønn.
Det er 50 plassar på konferansen. Vi oppfordrar portørar frå alle helseforetak og forbundsregionar å melde seg på.
Konferansen er kun for medlemmer i Fagforbundet.
Vi håper du kjem!
Meld deg på portørkonferansen 2022
PROGRAM PORTØRKONFERANSEN 2022:
Tysdag 5. april
1200-1300: Lunsj
1300-1315: Velkommen
1315-1515: Portørar i Danmark, korleis jobbar dei?
1515-1545: Pause med litt å bite i
1545-1745: Korleis møte aggresjon og vold
1745-1800: Oppsummering i plenum
1930: Middag
Onsdag 6. april
0900-0945: Kommunikasjon og samhandling
0945-1000: Pause og utsjekk
1000-1030: Lærlingeløp og veiledning ved St. Olavs hospital
1030-1100: Lærlingeløp og veiledning ved Oslo Universitetssykehus
1100-1115: Kaffipåfyll med litt i å bite i
1115-1145: Gruppearbeid
1145-1215: Portørar på sjukeheim
1215-1245: Vegen til fagbrev
1245-1300: Oppsummering i plenum og avslutning
1300-1400: Lunsj
Avreise
Med atterhald om endringar i programmet.