Sogndal kommune har inngått samarbeid med Nasjonalforeningen for
folkehelse om å vera eit demensvennleg samfunn.
I veke 38 syner Sogndal kino filmen «Vær her» etter ønskje frå Sogndal,
Leikanger og Luster demensforening. For Fagforbundet sine medlemmar er
framsyninga gratis.
I dokumentaren «Vær her» møter du Jan, Mimi og Sigvald som har ulike
former for demens. Me får sjå korleis livet deira vert prega av leiting etter
ord, minner og gjenstandar. Kvardagen er både krevjande for dei
sjølv og deira næraste, men omsorg, samvær og musikk kan hjelpa. «Vær
her» handlar om viktigheita av relasjonar og det å vera til stades.
Demens er ein av vår tid sine folkesjukdommar. Dokumentaren er ei
varm skildring av eit vanskeleg tema.
Kvar: Sogndal kulturhus
Når: Onsdag 22. september kl. 18:00 og torsdag 23. september kl.18:15
Pris: Gratis for våre medlemmar.
Klikk på «Fagforbundet» i nedtrekksmenyen når du bestiller. Hugs at
du må henta billetten og syna medlemsbevis* i kiosken før filmen.
*Last ned appen til Fagforbundet gratis i Appstore eller Google Play.
Me håpar du vil nytta deg av tilbodet, og at du får ei fin og kanskje
lærerik kinooppleving.
Med beste helsing styret i Fagforbundet avdeling 547 :-)