Nær 3 300 fleire barn mottok tiltak i løpet av 2010 samanlikna med året før. Dette er den største veksten i barn med tiltak Statistisk Sentralbyrå har sett sidan den nye barnevernloven kom i 1993.
Dei totale brutto driftsutgifter til det kommunale barnevernet auka med heile 14 prosent frå 2009, til 7 700 millionar i 2010. I same periode auka talet på stillingar i det kommunale barnevernet med 111 årsverk, til 3 526 årsverk. Det er særleg talet på barnevernspedagogar, men også personar med anna høgskoleutdanning, som aukar, medan talet på sosionomar er stabilt.
I 2010 starta barnevernet nær 32 900 undersøkingar. Det er 2 700 fleire enn året før, og ein auke på 9 prosent frå 2009.