Jenny tok fagbrevet tidlegare i haust og arbeider til dagleg ved Balsfjord Bo- og Servicesenter. Om nokre få veker set ho seg på flyet til Florida, Fort Myers, der ho skal vere i ein månad for å jobbe på ein amerikansk sjukeheim og øve seg på å snakke engelsk på jobb. Neste år skal ho nemleg representere Noreg under Yrkes VM i Brasil i Sao Paolo.
Yvonne Soggemoen er ekspert-dommar i WorldSkills og NM. Ho fortel at Jenny utmerka seg allereie første dag. Ho hadde ein fin dialog med pasientane/brukarane og stod fagleg sterk gjennom alle dei tre konkurransedagane. Som dommar er det kjekt å sjå at den beste utøvaren vann.
Yvonne er også mentor og coach for det vidare treningsopplegget fram mot VM i Brasil. Det blir ein ekstremt tøff konkurranse og vil kreve hard jobbing av Jenny. Men Jenny er ein vinnartype så dette går bra, seier Yvonne entusiastisk!
Fagforbundet gratulerer Jenny med gullet!
Jenny Fossan (21) er landets beste helsefagarbeidar. Ho tok gullmedalje under Yrkes-NM i Trondheim i slutten av oktober i skarp konkurranse med 16 andre deltakarar frå heile Noreg.